Frå makt til rett – 
Kristenretten på Moster frå 1024

Ein må skilja mellom to sider ved kristninga av Noreg. For det fyrste kristninga av einskildpersonar, familiar og kanskje bygder. Denne delen av kristninga byrja fleire hundre år før 1024. For det andre kristninga av det offentlege rom i samfunnet. Det vil seia at kristne verdiar vart ramma rundt alle sin kvardag. Det vart dei gjennom kristenretten, som var juridisk reglar som skulle sikra at ein levde i tråd med Guds vilje slik den vart forvalta på jorda av kyrkja. Vedtakinga av kristenretten på Moster i 1024 er viktig som eit steg mot kristninga av samfunnet i Noreg. 

Det er i dag vanskeleg å forstå kor radikal endring kristninga av samfunnet var. Fram til den tid var styrke og makt gode i seg sjølv, og makt gav rett. Men med kristninga vart makt og rett skilt – rett var noko som sprang ut av Guds vilje og ikkje av forhold mellom menneske. Dermed vart herren si makt over trælen redusert, og til slutt var denne forma for slaveri avskaffa. Fedre og brødre si makt over kvinner vart redusert, og ei kvinne skulle etter kvart til dømes samtykkja ved ekteskap. Den rike si makt over den fattige vart redusert, og etter kvart fekk ein innført ei almisseplikt. Og hemnretten, sjølve grunnpilaren i rettssystemet, vart erstatta av kongen si plikt til å sikra Guds fred. 

Men dette er det samfunnet kristninga av det offentlege rom skulle bana vegen for. Men kristenrettane var i byrjinga spede forsøk på å sikra at folk overhaldt dei mest grunnleggjande reglane for kristne. Barn skulle døypast, og kunne ikkje setjast ut for å døy. Daude skulle gravleggjast på kyrkjegarden, og ikkje i haug. Ei skulle fasta. halda seg til ei kone, byggja og vedlikehalda kyrkjer, og ikkje halda blot og eta hestekjøt. Slik vart kvardagen langsamt erobra av kristendomen gjennom kristenretten sine reglar. Og etter kvart vart folk sin utsynshorisont òg prega av den kristne læra, og trælskap og hemnrett stod for fall, og kvinner og fattige fekk nye rettar.

Kristenretten som kong Olav Haraldsson Den heilage fekk vedtatt på Moster var difor eit viktig steg frå kristning av personar og mindre samfunnseiningar, til kristninga av heile samfunnet. Med kong Magnus Håkonsson Lagabøtar si Landslova av 1274, 250 år seinare, kan ein seia at prosessen som tok til på Moster var fullført.