Lansering av billettsal til Jubileumsveka på Moster i 2024

Lansering av billettsal til Jubileumsveka på Moster i 2024

Fredag 13.oktober kl. 09.00 blei billettsalet til Jubileumsveka på Moster, endeleg satt i gong.

Fredag 13.oktober kl. 09.00 blei billettsalet til Jubileumsveka på Moster, endeleg satt i gong. Her presenterte vi dei anarkjende artistane og aktørane som skal vere ein del av programmet. For å gjere jubileet så tilgjengeleg så mogleg, har vi arrangement i ulike prisklassar, kor fleire er gratis, eller billigare om arrangementet er retta mot unge.

Onsdag 29.05.24 startar Jubileumsveka på Moster 2024 med Jubileumsforestillinga «Elden melder». I tillegg til song, dans og teater, får vi her ei urpremiere på jubileumskomposisjonen «Elle melle», skrive av Webjørn Sæther, laga til kulturskuleelevar for jubileet.

Fredag 31.05.24 får vi storfint besøk og Festkonsert med KORK og Ingebjørg Bratland.

Kringkastingsorkestret (KORK) blir også med oss på laurdag 01.06.24 i Jubileumsfeiring med KORK / «Mostrasuite», og på kvelden blir det Festkonsert med Bernhoft.

Siste dag i Jubileumsveka, søndag 02.06.24, vil vi innleie dagen med gratis Økumenisk festgudsteneste. Vi vil også rette fokus mot dei unge i Mostratinget - Verdisamtalar om fortid og framtid, og får ei nyoppsetting av vakre Mostraspelet - Jubileumsforestillinga «I slik ei natt» med Bømlo Teater.

Ovanføre er alle arrangementa lenka til Facebook, for dei som ønskjer å halde seg oppdaterte her.

Billettinformasjon til alle arrangementa, finn du her.

Fleire arrangement vil bli lagt ut på nyåret. Følg med for oppdatering om ditt favoritt-arrangement!

Sett ditt preg på jubiléet

Tankar og idear du har til jubiléet kan bli ein del av jubiléfeiringa!

Les meir

Verdisamtalar i hovudstaden 7. februar

21
.
February
2024

Lansering av "Hendelsen som forandret Norge"

6
.
February
2024

MPG jr. vinnar William i studio for å lage jubileumslåt for barn og unge

25
.
January
2024