Prosjekt
>
Jubileumsboka - Moster iz da thing!

Jubileumsboka - Moster iz da thing!

Kjøp via norli.no

Sakprosabok for unge om då Olav den heilage sette ting på Moster i 1024 (Lansering 10. januar, 2024)

På bestilling frå Moster 2024 har Bjørn Sortland skrive ei humoristisk og informativ bok som skildrar kva som skjedde på Moster i 1024.

«Moster iz da thing» er lettlest og gøy - trass i viking-vald, kamp, kjærleik og daud. I tillegg til historiske fakta, gir Sortland og den oppdikta skalden Sivert lesaren eit større perspektiv på vår nasjonale og lokalehistoriske kulturarv, og viser til kvifor vi kan sjå på denne hendinga som ein viktig del av samfunnsutviklinga for tusen år sidan, og starten på demokratiet i Noreg.

FORFATTAR: Bjørn Sortland

ILLUSTRATØR: Egil Nyhus

TEMA: Lokalhistorie, fakta, kulturarv, vikingar, religion, kjærleik, samfunn, lov og rett, lovutvikling, humor, spenning

LENGDE: 90 sider

ALDER: 6 – 9, 9 – 12 år (Kjekk for vaksne òg)

PRODUSERT AV: Moster 2024 AS / Piggsvin Forlag

SKL AS har gitt tilskot til utvikling av boka

Boka kan foreløbig berre bli kjøpt i butikk på Moster Amfi og lokale bokhandlarane på Stord og Bømlo. Ho kan også bli bestilt gjennom Norli og sendt ut nasjonalt!

Kjøp boka her!


Ta kontakt med prosjektkoordinator Vilde Lundal for lokal eller større bestilling av boka: vilde@moster2024.no


Lenke til lokale bokhandlarar:

Norli Bremnes

Norli Stord Amfi

Sunn bok, Stord

Moster Amfi

Norli Haraldsgata

Eventyrlig Sveio

Bjørn Sortland vil både våren og hausten i 2024 dra rundt til grunnskular å formidle bodskapet i boka. Ta kontakt med vilde@moster2024.no for skuletilbod og litteraturformidling med Bjørn Sortland.

Fleire prosjekt

Jubileumslåta «FRIDOM»

«FRIDOM» er ein nyskriven pop-låt sunge av artisten William i forbinding jubileumsfeiringa på Moster med tilhøyrande dans. Premiere fredag 22.MARS!!!
Les meir

Jubileumskomposisjon «Elle Melle»

Ein komposisjon for unge musikantar i kulturskule og musikkorps skrive av Webjørn Sæther
Les meir

ANNO 1024

Ein historie-podcast om Moster og det store religionsskiftet
Les meir

Mostratinget for unge

Eit demokrati og dialogprosjekt. Bli med å forme framtida!
Les meir

Moster-seminaret / UNG 2022

Status psykisk helse
Les meir

Ungdomsutveksling Erasmus +

Sommaren 2022 var 50 unge frå fire land samla på Bømlo!
Les meir

Moster-seminaret 2022

Er fridommen trua? - samtalar om lovverk, demokrati og menneskerettar i urolige tider
Les meir

Moster gamle kyrkje-prosjekt

Moster 2024 er med i eit spanande og viktig dokumentasjonsprosjekt av Moster gamle kyrkje.
Les meir

Podcast for barnehagen

Ein podcast for barn i førskule- og småskulealder!
Les meir

Generation Corona

Dokumentar-prosjekt om livet i koronapandemien.
Les meir

Tidsreisa

Opplev vår digitale tidslinje - frå vikingtid og fram til i dag!
Les meir