Lansering av «Moster iz da thing!» på Bømlo og Stord folkebibliotek

Lansering av «Moster iz da thing!» på Bømlo og Stord folkebibliotek

Jubileumsåret starta med lansering av barneboka «Moster iz da thing!» skrive av Bjørn Sortland på bestilling av Moster 2024.

Onsdag 10. januar fekk over hundre barn og vaksne helse på Bjørn Sortland under lansering og forfattarsamtale om jubileumsboka «Moster iz da thing!». Dette var i samarbeid med Bømlo kommune og Bømlo folkebibliotek kor dagen starta med formidling for 6. klasse ved Svortland skule, og gjekk vidare på kvelden inn i samtale med dagleg leiar, Elsa Aanensen, om planane vidare for jubileumsåret. Sortland og Aanensen prata om kva hendinga på Moster i 1024 førte til og kva boka kan formidle til både barn og vaksne.

Samtalen fortsette kvelden etter på Stord folkebibliotek kor over tretti stordbuingar møtte opp for å høyre Bjørn Sortland og Johanne Tvedten diskutere kristenretten og lovutviklinga si aktualitet i dag.

I etterkant blei det signering og sal av bok. Begge arrangementa var gratis og opne for alle.

Arrangementet på Stord var eit samarbeid med Stord Kommune og Stord Kyrkjeakademi.

Sett ditt preg på jubiléet

Tankar og idear du har til jubiléet kan bli ein del av jubiléfeiringa!

Les meir

Verdisamtalar i hovudstaden 7. februar

21
.
February
2024

Lansering av "Hendelsen som forandret Norge"

6
.
February
2024

MPG jr. vinnar William i studio for å lage jubileumslåt for barn og unge

25
.
January
2024