Lansering av "Hendelsen som forandret Norge"

Lansering av "Hendelsen som forandret Norge"

Farmen-presten, Thor Haavik, er programleiar for ein ny underhaldande og opplysande mini-serie om «Hendelsen som forandret Norge.» I tre episodar følgjer vi han frå vikingtida til vår tid for å sjå på konsekvensane av at landet fekk ei ny rettsordning – «kristenretten» på Moster for 1000 år sidan i år. Første episode hadde premiere 30. januar kl. 18.00.

I serien møter Thor Haavik fagfolk som belyser korleis Noreg gjekk frå eit ættesamfunn til eit statssamfunn. Dette var med på å leggja grunnlaget for at vi vart kvitt ordningar som slaveri og utbering av born. Det vart teke meir omsyn til dei svakaste, og ein fekk nye ideal der rett skulle vera viktigare enn makt.

Blant gjestene er sosiolog og programleiar Harald Eia, forfattar Ole Petter Erlandsen, arkeolog Ellen Grav, menneskerettsadvokat Geir Lippestad, tidlegare ordførar i Oslo Fabian Stang, myteknusar Bjørn Are Davidsen og professor i rettshistorie, Jørn Øyrehagen Sunde.

Opptak til serien er bl.a. gjort på Moster i Bømlo kommune, på Krosshaug ved Haugesund, på Norsjø i Telemark saman med vikinggruppa «Olavs menn», i Oslo tinghus, Deichmannske bibliotek, på Huseby gård, ved Nidarosdomen og i Jessheim kirke.

Serien har tre episodar:

1. Kvifor er Noreg eit av verdas beste land?
2. Frå slaveri til menneskeverd
3. Frå maktsamfunn til rettssamfunn

Lenke til mini-serien på Youtube finn du her:

Foto: Kjetil Fyllingen / TV Inter

Serien er produsert av TV Inter for Bjørgvin bispedøme. Den er eitt av den Norske kyrkja sine viktigaste bidrag til markeringa av at det er 1000 år sidan kristenretten vart innført på Moster.

Episode 1: Kvifor er Noreg eit av verdas beste land?

Thor Haavik reiser tilbake til vikingtida, og gjer eit djupdykk i Noregs historie. På Krosshaug utanfor Haugesund møter han forfattar Ole Petter Erlandsen, og undersøkjer kross frå 700- talet. Åsatrua møtte motstad frå den nye religionen, Odin og Tor vart bytt ut med Gud og Jesus.

Kven var eigentleg kongane på denne tida, Håkon den gode, Olav Tryggvason og Olav Haraldsson (Olav den Heilage)? Rettshistorikar Jørn Øyrehagen Sunde forklarer innhaldet i kristenretten – Gud er alle sin ven.  I Trondheim viser arkeolog Ellen Grav ved NTNU Vitenskapsmuseet fram Kulisteinen; "Noregs dåpsattest", og kyrkjehistorikar Øystein Ekroll ved Nidarosdomen fortel om kva som er viktig med å ha felles lover. Forfattar Simon Vincent og fader Kristian i den ortodokse kyrkja gir oss djupare innsikt i kva som skjedde med Olav Haraldsson då han var i Kyiv.

Bjørn Are Davidsen knuser mytar. Vart Noreg kristna ved eit slagsmål på Stiklestad?

Episode 2: Frå slaveri til menneskeverd

Menneskeverdet, ideal og vitskap.

Thor Haavik reiser med nonne Anne Bente Hadland til Huseby gard i Lier for å finna ut meir om Oslos skytshelga. Kven var eigentleg St. Hallvard?

Rettshistorikar Jørn Øyrehagen Sunde fortel om frigiving av slavar og forbodet mot å setja ut barn i skogen. På gamle Deichmanske bibliotek samtaler sosiolog Harald Eia og Thor Haavik om kva kristendommen betyr for Noregs utvikling. Kor stor ære skal kristendommen ha for at Noreg har vorte som det er? Kan dette målast i prosent?

Thor reiser til Jessheim kyrkje, der han møter kunstnar Eimund Sand for å snakka om Keplerstjernen og den innbilte konflikta mellom tru og vitskap. Advokat Geir Lippestad snakkar om betydninga av menneskeverdet.

Og hevda verkeleg kyrkja i mellomalderen at jorda var rund? Bjørn Are Davidsen knuser mytar.

Episode 3: Frå maktsamfunn til rettssamfunn

Korleis vart maktsamfunnet eit rettssamfunn? På Moster les Thor Haavik om ting-ordninga som vart vedteken med Kristenretten. Tingmennene på Gulatinget fekk gratis reise til tinget – ei demokratisk reisegodtgjersle. Rettshistorikar Jørn Øyrehagen Sunde kommenterer.

Thor samtalar med tidlegare ordførar i Oslo, Fabian Stang, om viktige demokratiske prinsipp.– Er det kristendommen som har skapt Noregs lover, eller er det dei same ideane som trass alt finst i mennesket, spør Stang.  Deretter møter Thor advokat Geir Lippestad på Oslo tinghus. Kor viktig har kristendommen vore for utviklinga av rettsstaten Noreg?

Og Bjørn Are Davidsen knuser mytar. For stemmer det at me ikkje fekk velferd i Noreg før opplysingstida?

Thor Haavik i samtale med Harald Eia. Foto: Kjetil Fyllingen

Sett ditt preg på jubiléet

Tankar og idear du har til jubiléet kan bli ein del av jubiléfeiringa!

Les meir

Verdisamtalar i hovudstaden 7. februar

21
.
February
2024

MPG jr. vinnar William i studio for å lage jubileumslåt for barn og unge

25
.
January
2024

Endeleg kan ein melde seg som frivillig under Jubileumsveka på Moster

14
.
January
2024