Arrangement
>
Festkonsert med Marthe Wang og Ten Sing
Festkonsert med Marthe Wang og Ten Sing

Festkonsert med Marthe Wang og Ten Sing

Moster Amfi
30
May
2024
20:30
30
May
2024
22:00

Torsdag 30. Mai, kl. 20.30 er det tid for festkonsert med Marthe Wang, Ten Sing Bømlo og Ten Sing Norway i Moster Amfi.

Den spelemannsnominerte artisten Marthe Wang er fødd og oppvaksen i Bergen, og vart ferdig utdanna frå Norges Musikkhøgskole i 2014 der ho studerte jazzsong og musikkpedagogikk. Wang vart raskt allemannseige då ho brakdebuterte med det kritikerroste albumet "Ut og sjå noko anna" i 2017. Ho vart nominert til Spellemannsprisen for dette albumet i Vise-kategorien, og songen "Til deg" vart vald ut som Kirkens Bymisjons TV-aksjonslåt i 2018. Ho mottok òg både Tekstforfatterfondets Lyspunktpris og den ærverdige TONOs EDVARD-pris for tekstane sine. I 2020 følgde ho opp suksessen med det andre albumet sitt, "Bakkekontakt", som også vart nominert til Spellemann. Med mellom anna terningkast 6 frå Bergensavisen, terningkast 5 frå VG og gode ord frå Dagens Næringsliv har ho etablert seg som ei av landets mest lovande visesongarar.

Ten Sing Bømlo vart grunnlagt i 1973 og har i alle desse åra skapt musikkglede, og vore ein viktig del av ungdomstilbodet på Bømlo. Dei siste 12 åra har Ten Sing Bømlo blitt eit av Noregs største ungdomskor, og har i dag 140 medlemmar.

Ten Sing Bømlo er stolte av å dele scena med tidlegare tensinger Marthe Wang, i tillegg til Ten Sing Norway. Ten Sing Norway er eit folkeskuletilbod ved Rønningen folkehøgskule, der dei mest talentfulle tensingarane frå heile landet samlar seg kvart år.

Vi ser fram til ein kveld fylt med ungdommeleg energi og vakker musikk! Dette er ein konsert du ikkje vil gå glipp av!

Varigheit: Omtrent to timar

Pris:

Ordinær billett: 375 kr

Barn opptil 18 år: 275 kr

Kjøp billettar her

Jubileumsveka