Arrangement
>
Kunsthandverk i Tollhagen
Kunsthandverk i Tollhagen

Kunsthandverk i Tollhagen

Tollhagen
28
May
2024
17:30
2
June
2024
18:00

Tysdag 28. Mai kl. 17:30, inviterer vi til offisiell opning av utstillinga denne freden i Tollhagen.

Utstillinga denne freden er ei separatutstilling laga spesifikt til Jubileumsfeiringa på Moster. Utstillinga vil vise nye arbeid av Karoline Emmerhoff som veggtavler, lysestakar og krukkeri keramikk.

Utstillinga tek inspirasjon frå og utgangspunkt i Emmerhoff sitt bidrag i konkuransen om ny bispekåpe til Stavanger biskop. Dette har funne si form i keramiske verk som skal stillast ut under Jubileumsveka. I denne freden er det lagt stor vekt på Jesus sine fredshelsingar. Til utstillinga har Emmerhoff henta inn skrift-signaturar som ho har pusla saman og til slutt brukt til å lage avtrykk i leire.

Utstillinga er i samarbeid med Bømlo Kunstlag og Moster 2024. 

«Heilt frå eg var i 13-års-alderen har eg vore tiltrekt av Jesus sine fredshelsingar. Kva er det med desse? Eit eksempel er forteljinga når Jesus viste seg for vennene sine etter han sto opp frå dei døde. Dei skremde og redde vennene hans hadde låst seg inne etter alt som hadde skjedd - i den påsken som endra alt. Men Jesus kom gjennom dei låste dørene og helsa dei «Fred vere med dykk!».  

Karoline Emmerhoff

Emmerhoff er oppvaksen i Sveio og bur no i Haugesund. Ho har ei faglærarutdanning i forming frå Telemark Lærarhøgskole og er autodidakt medlem av Norske Kunsthåndverkere.  

Emmerhoff arbeider aller mest med keramikk og tekstil, tett opp mot biletkunst. Allmenne og eksistensielle tema ligg til grunn for mykje av hennar skapande arbeid. I tillegg har ho dei siste åra arbeida med større tverrfaglege prosjekt som utstillinga Sinus i minus og konsertframsyninga Krukkesong.

«Den viktigaste kjelda til min kreativitet er å lytta til Gud og til meg sjølv.»

Les meir om Karoline Emmerhoff hos Norske Kunsthåndverkere

Jubileumsveka