Prosjekt
>
Jubileumskomposisjon «Elle Melle»

Jubileumskomposisjon «Elle Melle»

Ein komposisjon for unge musikantar i kulturskule og musikkorps skrive av Webjørn Sæther

Korleis kan historie spegle seg i musikk? Korleis kan uvant rytmikk, harmoniar og dramaturgi formidle ei brytningstid og eit religionsskifte for barn og unge? Kan eit møte med musikken engasjere unge i historia? Og kan det historiske aspektet som legg grunnlag for denne komposisjonen, skape ei større motivasjon og ein djupare verknad i formidlinga?

«Elle Melle» er ein komposisjon for unge musikantar i kulturskule og musikkorps, skrive av Webjørn Sæther. Komposisjonen har urpremiere i Moster Amfi 29. Mai 2024, under opningsforestillinga til jubileet «Elden Melder».

 

I samarbeid med Moster Skulekorps og Bømlo kulturskule, ville vi i Moster 2024 skape ein komposisjon til barn mellom 10-16 år ved kulturskulane og musikkorpsa på Bømlo og omland. Verket varar i cirka 10 min, og var eit ønskje frå komponist Webjørn Sæther om å skape noko som bindar korps og kulturskular saman - både blåsarar, strykarar, perkusjon og kor. Ved hjelp av tekstforfattarar Mike McGurk og Solfrid Sivertsen blei tekst også utvikla til komposisjonen. Komponisten ønska å skape eit verk som gav forståing av historia vår, samstundes som han knyt unge talent saman.

Elle melle er kjente ord frå den norske barneregla – ei gammal regle frå ei tid kor det blei kommunisert frå lange distansar gjennom opptenning av vardar. Elle melle tyder eigentleg elden melder frå gammalt av. Dette gir den gamle regla ei ny meining for mange, og er utgangspunktet i komposisjonen. No sender vi elden vidare til andre kulturskular og håpar han kan spreie glede og betyding på fleire stadar her på vestlandet og nasjonalt.

På denne sida kan du laste ned partitur til fleire instrument:

- Kor (Flerstemt)

- Piano (Tre stemmer)

- Akustisk gitar (Tre stemmer)

- Elekstrisk gitar

- Alto horn i Eb (Tre stemmer)

- Saksofon (To stemmer)

- Klarinett (To stemmer)

- Tuba

- Xylophon

- Crotales

- Marimba

- Symbaler

- Trommer

- Bongo trommer

- Triangel

- Bass tromme

- Euphonium

- Fløyte (To stemmer)

- Glockenspiel

- Trombone (To stemmer)

- Trompet (Tre stemmer)

- Viola

- Fiolin (Tre stemmer)

- Cello

+ Ekstra bongo og cymbal

Komposisjonen vil vere ein del av ei større framsyning initiert av Bømlo kulturskule som vil bli vist under 1000-årsjubileet i 2024. Les meir om forestillinga «Elden Melder» her.

Fleire prosjekt

Jubileumslåta «FRIDOM»

«FRIDOM» er ein nyskriven pop-låt sunge av artisten William i forbinding jubileumsfeiringa på Moster med tilhøyrande dans. Premiere fredag 22.MARS!!!
Les meir

Jubileumsboka - Moster iz da thing!

Sakprosabok for unge om då Olav den heilage sette ting på Moster i 1024 (Lansering 10. januar, 2024)
Les meir

ANNO 1024

Ein historie-podcast om Moster og det store religionsskiftet
Les meir

Mostratinget for unge

Eit demokrati og dialogprosjekt. Bli med å forme framtida!
Les meir

Moster-seminaret / UNG 2022

Status psykisk helse
Les meir

Ungdomsutveksling Erasmus +

Sommaren 2022 var 50 unge frå fire land samla på Bømlo!
Les meir

Moster-seminaret 2022

Er fridommen trua? - samtalar om lovverk, demokrati og menneskerettar i urolige tider
Les meir

Moster gamle kyrkje-prosjekt

Moster 2024 er med i eit spanande og viktig dokumentasjonsprosjekt av Moster gamle kyrkje.
Les meir

Podcast for barnehagen

Ein podcast for barn i førskule- og småskulealder!
Les meir

Generation Corona

Dokumentar-prosjekt om livet i koronapandemien.
Les meir

Tidsreisa

Opplev vår digitale tidslinje - frå vikingtid og fram til i dag!
Les meir